Om Buktanavlen

Buktanavlen.no er informasjonsveven til Mardal krins. Her finn du informasjon om hendingar, litt sladder, og all anna informasjon du skulle trenge om Bukta. Om det er noko du saknar, nøl ikkje, men ta straks kontakt med ein av kontaktpersonane i krinsen:

Kontaktpersonar i krinsen:
Svein Ove Langeteig, leiar
Bergfrid Mardal, utleige
Odd Nilssen, kasserar
Leiar 4H, styremedlem
Lise Elvebakk, styremedlem
Anne-Iren Elvebakk, styremedlem

Siste kommentarer

Marie (Tysdagstur 15.05): Det vart brigde på dagens…
Edny (Tysdagstur 15.05): Såg nettopp på veirmeldin…
Marie (Tysdagstur 08.05): Dagens oppsette tur var d…
Aase RS (Tysdagstur 08.05): Det skal no vere muleg å …
Liv (Dugnad Gapahuken): Fantastisk bra resultat.A…
Edny (Er du klar for Tr…): Siste tysdagsturen,som st…
Marie (Er du klar for Tr…): Veiret var absolutt lagle…
elise (Er du klar for Tr…): eg møter opp i kveld. det…
Edny (Er du klar for Tr…): TYSTADSTØYLEN-ALMESTØYLEN…
Marie (Er du klar for Tr…): Eg må nok seie at eg ikkj…

Kalender

« Mai 2012
S M T O T F L
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29 30 31    

Arkiv

Neste arkiv

01 sep - 30 sep 2006
01 okt - 31 okt 2007
01 mai - 31 mai 2008
01 jun - 30 jun 2008
01 jul - 31 jul 2008
01 aug - 31 aug 2008
01 okt - 31 okt 2008
01 nov - 30 nov 2008
01 des - 31 des 2008
01 jan - 31 jan 2009
01 feb - 28 feb 2009
01 apr - 30 apr 2009
01 mai - 31 mai 2009
01 jun - 30 jun 2009
01 jul - 31 jul 2009
01 aug - 31 aug 2009
01 sep - 30 sep 2009
01 des - 31 des 2009
01 jan - 31 jan 2010
01 mar - 31 mar 2010
01 apr - 30 apr 2010
01 mai - 31 mai 2010
01 jun - 30 jun 2010
01 jul - 31 jul 2010
01 aug - 31 aug 2010
01 jan - 31 jan 2011
01 feb - 28 feb 2011
01 apr - 30 apr 2011
01 mai - 31 mai 2011
01 apr - 30 apr 2012
01 mai - 31 mai 2012

____________________________

  Langeteig Consulting(c)2005

14 05 12 21:33Tysdagstur 15.05

Vi er midt i mai, og hausten har sett inn for fullt. Det kjennest i alle fall slik. Ikkje desto mindre er det høve til dei friskaste til å ta turen ut også i morgon. Oppsettet seier Hestedalen, og eg trur snøen ikkje har lagt seg til igjen utover dalføret. Sjølv skal eg ha ein utanforkommunen-oppleving, men kanskje andre tek turen?

Atle - to kommentarar

07 05 12 10:20Tysdagstur 08.05

Fyrste tur i år, og eg som trudde våren ville vere komen på desse tider då eg sette opp turane. Som eg skreiv i turlista hadde Dagmar ruska så godt til inne i fjellsidene at det kan vere vanskeleg å kome fram no. Aase RS melder om at det er anleggsmaskiner i terrenget, så turen bør endrast. Eg trur eg då må seie at dei som møter ved skulen får einast om kor ein vil gå. Maisnø og kjøleg nordavind kan også vere med å påverke turmål. Sjølv er eg i vedamodus for tida og må bruke all ledig tid til å få den ut av (kvelds)bøna.

Atle - to kommentarar

27 04 12 14:23DUGNAD PÅ MARDAL SKULE MANDAG kl 17

Minner om dugnad mandag 30 april kl 17. Vi håpar at mange har høve til å være med. Arbeidsoppgåvene vert som tidlegare år; rydding og vask ute og inne. 
Har du ikkje anledning til å stille på, men har lyst å hjelpe til ein anna dag, er det flott om du seier frå til noken i styret. Vi har enda litt arbeid i bakhand…
Ta med eigna reiskap for ute- og innearbeid, samt noko å bite i om du føler for det. Det vert servert kaffi og saft.

SveinOve - Ingen kommentarar

22 02 12 09:27Buktabladet til påske

Siste frist for innlevering av stoff er sett til 18. mars.   Vi tek imot det vi får, vi skriv gjerne for lager. Send det til underteikna sin epost: atle.soreide@enivest.net.

Atle - Ingen kommentarar

28 01 12 21:24Årsmøte 2012

Vi minner om årsmøte i Mardal krins;
Dato: Søndag 29. januar 2012 kl. 20.00
Møtestad: Mardal skule

Førebels sakliste:
1. Godkjenning av møteinnkalling
2. Årsberetning
3. Rekneskap
4. Val av nytt styre
5. Eventuelt.

Det vert lett servering.

Helsing krinsstyret

SveinOve - Ingen kommentarar

04 12 11 09:27Juleverkstad

Vi minner om juleverkstaden på skulen i dag (søndag 4.12) kl 14.00.

Atle - Ingen kommentarar

09 11 11 14:02BYGDAKVELD

Det vert bygdakveld på Mardal skule
søndag 13. november kl. 20.00

Program:
Tale ved Sjur Atle Austrheim
Musikk med Grannelaget
Kaffi/mat/åresal/bordkonkurranse

Vel møtt gamal som ung
- Bygdakveldkomiteen -

SveinOve - Ingen kommentarar

05 11 11 08:07Julenummer Buktabladet

Vi ynskjer stoff til julenummeret også i år, som om du har noko på hjartet tek vi gjerne imot. Vi set innleveringsfristen til utgangen av november, og du kan sende inn stoff, helst i word-format, til mi epostkasse:  atle.soreide@enivest.net.

Atle - Ingen kommentarar

14 10 11 16:23Basar på Mardal skule

Søndag 16. oktober kl. 16 er det klart for årets krinsbasar i Bukta. Vi håpar at mange vil ta seg tida til å møtast denne dagen, og vi kan freiste med god mat og drikke i tillegg til flotte vinstar og god stemning.

Vi reknar med å avslutte rundt klokka sju.

Vinstar vert tekne i mot med takk! 

Det vi være folk på skulen fredag frå kl 18, og søndag frå kl 14

SveinOve - Ingen kommentarar

21 09 11 15:43Dugnad Gapahuken

Lørdag 24. sept kl 09 blir det stordugnad på gapahuken ved Veslevatnet; vi skal da skjære torve og få denne på taket. 4H vil ikke klare denne jobben uten hjelp fra bygdas folk - håper du har anledning å hjelpe til med denne storjobben!

For å kunne planlegge arbeidet, vg ta kontakt med Kjell Heggdal hvis du kan stille på, tlf 4824 9581

SveinOve - Berre en kommentar

19 07 11 12:37Er du klar for Traudalsnibba i kveld?

Har vore spent på veret, om det held seg eller om det blir ringare. Førebels (kl 14.00) ser det greitt ut, men vi får no sjå, meldingane seier at det skulle bli dårlegare utover kvelden og natta.

Atle - femten kommentarar

11 07 11 21:53Blir det Hyentur?

Det er ikkje turver nett no, men meldingane for morgonkvelden er brukbare. Om det er lageleg ver vil eg råde til turstart kr 18.00, det er tross alt tre kvarter å køyre. Turen frå Ronggkleiva via Rombergvatnet og Mjellemstøylen vart gått også i fjor, men då var det mange som ikkje var med. Kanskje lagar det seg denne gongen?

Atle - tre kommentarar

06 07 11 14:03Ein nydeleg kveldstur til Trollenyken

Snakk om å vere heldige med veret. Det var heitt å gå oppover i skogen, men oppe på fyrste platået ved Skipenessætra opna landskapet seg, og deretter var det fint å gå. Og for ei utsikt vi fekk, innover Hyefjorden mot Holme, Gloppefjorden, Grodås, Ålfoten og langt utover Nordfjorden. Vi var ikkje åleine oppe denne kvelden, men var vel kanskje dei som brukte mest tid på toppen, for vi tok 23-ferja tilbake. Råsa var fast og fin, og stort sett tørr heile vegen, lett å finne var den og.

Atle - Ingen kommentarar

04 07 11 20:55Trollenyken på tysdag?

Blir veret som måndagskvelden er det laga for Eidatur, men om skyene heng nedover fjella er det ikkje eigna til å gå den turen. Det er steikjande vanskeleg å seie det no, så eg må be dokke om å vurdere dette ved å sjekke skylaget. Dersom det er Trollenyken ver må vi starte tidlegare enn vanleg. Då bør vi reise over med kvart over seks ferja. Turen opp tek ca to timar, kanskje litt i underkang, og der er ein fantastisk fin utsikt, blant anna innover mot Hyen og Gloppefjorden. Ved lageleg TN-ver må vi satse på frammøte seinast ti på seks ved skulen.For dei som ikkje veit det er Trollenyken det fjellet vi ser rett over inngangen til Lotetunellen på vår side. Den ligg på rett under 900 moh, så det er ikkje så stygghøgt, men vi startar nesten ved havnivå så det er bra stigning. Råsa slynger seg oppover mot Skipenessætra, tek deretter litt til venstre og går vidare opp gjennom lia mot toppen.

Atle - Ingen kommentarar

28 06 11 09:19Tysdagstur i kveld

Det høljar ned og dei melder 5-års flaum. Det er difor uaktuelt å gå på oppsett tur i kveld. Men eg ser ikkje bort frå at nokon vil ha ein kveldstur i regnet, i så fall må ein møte til vanleg tid.

Atle - tre kommentarar

Navlerusk

24 04 12 22:21Turliste 2012

Dei merka med * betyr tidlegare start, elles er vanleg avreisetid kl 18.30 frå skulen.

Dagmar har ruska skikkeleg til i vinter, så det kan vere at fyrste turen må endrast.

Og kanskje andre også, men det får vi einast om eller melde på navlen.

08. mai       Ryssdalsneset - Ryssdalsstøylen

15. mai       Hestedalen TR

22. mai       Midtresholten

29. mai       Reedstøylen

05. juni      Løvland - Blådalen

12. juni      Søreidsnakkjen - Søreidsstøylen

19. juni *    Hennjeskaret - Sauholsaksla

26. juni *    Bolsetnipa i Jølster

02. juli        Nesstøylen - Øykjeheia

07. august  Svinestranda - steinhytta 

14. august  Gimmestadkjørrdalen

21. august  Skulen - Nilsholevegen - Skulen

Atle - Ingen kommentarar

01 04 10 11:05Tysdagsturar 2011

Turane startar normalt med frammøte ved Mardal skule kl 18.30. Nokre gongar, og då spesielt på lengre turar, startar vi før og tidspunktet blir skreve inn på heimesida for kvar gong før turdagen.

26.04  Valborgkleiva - Veten

03.05  Hennebygda - Logg -Øvre Åsane

10.05  Holvikfossen - Engeset

17.05  Øyra (med hornmusikk)

24.05  Arnestad - Arnestadfjellet

31.05  Hamneset Eid med guide

07.06  Hennebygda - Henneskaret

14.06  Rongkleiva - Nautskorklumpen

21.06  Nesstøylen - Øykjeheia

28.06  Bolsetnipa (Jølster)

05.07  Trollenyken Eid

12.07  Rongkleiva - Rombergvatnet - Mjellemstøylen

19.07  Traudalsnibba

26.07  Kandal - Blådalen

02.08  Gimmestadkjørrdalen

09.08  Klype - Gjengedal

16.08  Tystadstøylen - Almestøylen

23.08  Høgane - Hjellhola - Kraftstasjonen - Storegjæret

Atle - tre kommentarar

17 03 10 18:03Arrangement 2010

Onsdag 31. mars: Bingo & påskepub

Mandag 3. mai: Dugnad

Mandag 17. mai: Feiring

Onsdag 23. juni: Jonsokfeiring

Søndag 26. september: Krinsbasar

Fredag 22 oktober: Bingo & haustpub

Søndag 14. november: Bygdakveld

Søndag 5. desember : Juleverkstad

Tirs 4. juledag: Fjerdedagsfest

Lørdag 1. nyttårsdag 2010: Jule/nyttårspub 

Søndag 30. januar 2011: Årsmøte

SveinOve - Ingen kommentarar

01 12 08 11:12AKTIVITETSKALENDAR

Ønskjer du å leige skulehuset?
Sjekk først Aktivitetskalendaren for ledige dagar

SveinOve - Ingen kommentarar